Version 1.1 of the definition has been released. Please help updating it, contribute translations, and help us with the design of logos and buttons to identify free cultural works and licenses!

Definition/Nn

From Definition of Free Cultural Works
Jump to navigation Jump to search

Samandrag[edit]

Dette dokumentet definerer «frie kulturelle verk» (free cultural works) som verk eller uttrykk som kven som helst kan studere, nytte, kopiere og/eller endre, til kva for eit formål som helst. Det skildrar òg visse akseptable avgrensingar, som tek omsyn til eller vernar desse grunnleggjande fridommane. Definisjonen skil mellom frie verk og frie lisensar, som kan bli nytta for å verne den juridiske statusen til eit fritt verk. Definisjonen er ikkje ein lisens i seg sjølv; han er eit verktøy for å fastsette om eit verk eller ein lisens skal reknast som «fri».

Innleiing[edit]

Sosiale og teknologiske framsteg gjer det mogleg for ein aukande del av menneskja å ha tilgang til, skape, forandre og publisere ulike typar arbeid – kunstverk, forskings- og utdanningsmateriell, programvare og artiklar. Kort sagt: alt som kan bli representert i digital form. Mange samanslutningar og fellesskap har blitt skapt for å utøve desse nye moglegheitene og skape ei stor mengd kollektivt gjenbrukbare verk.

Uansett kva for eit felt dei arbeider i, og uansett kva statusen deira som amatør eller profesjonell er, har dei fleste opphavspersonar ei sann interesse av å føretrekke eit økosystem der verk kan bli spreidde, brukte på nytt og endra på kreative vis. Jo enklare det å gjenbruke og endre eit verk, dess rikare blir kulturane våre.

For å sikre at dette økosystemet fungererer smidig bør verka til opphavspersonane vere frie. Med fridom meiner vi:

  • fridommen til å nytte verket, og nyte fordelane av å nytte det
  • fridommen til å studere verket, og nytte kunnskapen som er tileigna ved hjelp av det
  • fridommen til å skape og spreie fleire utgåver fullstendig eller delvis, av informasjonen eller uttrykket
  • fridommen til å endre og betre verket, og spreie det betra verket vidare

Viss opphavspersonar ikkje tek handling, blir verka deira dekt av eksisterande opphavsrettslovar, som drastisk avgrensar kva andre kan og ikkje kan gjere. Opphavspersonar kan velje å gjere verka sine frie ved å velje blant juridiske dokument kjende som lisensar. For ein opphavsperson betyr ikkje det at ein mistar alle rettane sine om ein vel ein fri lisens, men det gjev andre fridommar som ramsa opp ovanfor.

Det er viktig at verk som blir sagt å vere frie, i praksis og utan risiko tilbyr dei nemnde fridommane. Det er difor vi gjev ein eksakt definisjon av fridom nedanfor for lisensar og for verk.

Å definere verk som frie[edit]

Dette er ein definisjon av frie kulturelle verk. Vi oppmuntrar opphavspersonar som skildrar verka sine, til å vise til denne definisjonen som «Dette er eit fritt lisensiert verk, som skildra i Definisjonen av frie kulturelle verk». Om ein ikkje likar omgrepet «frie kulturelle verk», kan ein nytte det meir generelle omgrepet «fritt innhald», eller vise til ei av dei eksisterande rørslene som skildrar liknande fridommar i meir spesifikke samanhengar. Vi oppfordrar òg til å nytte nokre av dei opphavsrettsfrie logoane og knappane for frie kulturelle verk.

Ein skal vere merksam på at ei slik skildring ikkje gjev dei rettane som blir skildra i denne definisjonen. For at eit verk skal kunne vere heilt fritt, må det nytte ein av dei frie kulturlisensane, eller alternativt ikkje vere dekt av opphavsrett (utløpt vernetid eller at opphavspersonen dediserer verket som «offentleg eigedom», dvs. fråskriv seg alle dei opphavsrettane som han eller ho kan fråskrive seg i jurisdiksjonen sin (eller i den jurisdiksjonen han/ho vel å sette verket fri i)).

Vi avrår å nytte andre omgrep for å identifisere frie kulturelle verk som ikkje gjev ein klar definisjon av fridom. Døme på dette er ope innhald (open content) og fri tilgang (open access). Desse omgrepa blir ofte nytta for å referere til innhald som er tilgjengeleg under «mindre restriktive» krav enn dei eksisterande opphavsrettslovane, eller for verk som er «tilgjengelege på internett».

Definisjon av frie kulturelle lisensar[edit]

Lisensar er juridiske instrument som gjer det mogleg for eigaren av eit verk å føre over rettane sine til andre. Frie kulturelle lisensar fjernar ikkje rettar – det er alltid valfritt å godkjenne dei, og om dei blir godkjende gjev dei fridommar som opphavsrettslovar i seg sjølve ikkje gjev. Når ein slik lisens blir akseptert av brukaren inneber ikkje denne aksepten at eksisterande unntak, avgrensingar eller fridommar som brukaren har etter loven, blir redusert eller avgrensa. Brukaren mistar altså ingen av dei rettane han eller ho allereie har.

Grunnleggande fridommar[edit]

For at ein lisens skal bli rekna som fri ifølgje denne definisjonen, må han oppfylla følgjande kriterium utan avgrensingar:

  • Fridommen til å nytte og framføre verket: Brukaren må kunne nytte verket på alle vis både privat og offentleg. For dei typar verk der dette er relevant, burde denne fridommen inkludere all avleia bruk («relaterte rettar»), som framføring eller tolking av verket. Det må ikkje vere unntak for til dømes religiøse eller politiske interesser.
  • Fridommen til å studere verket og nytte informasjonen: Brukaren må kunne studere verket og nytte kunnskapen som er henta frå verket kva for eit vis som helst. Lisensen kan til dømes ikkje hindre «reverse engineering».
  • Fridommen til å spreie verket i fleire eksemplar: Kopiar skal kunne seljast, byttast eller bli gjevne bort gratis, både som del av eit større verk, i ei samling eller for seg sjølv. Det må ikkje vere nokon avgrensingar på mengden informasjon som kan kopierast. Det må heller ikkje vere avgrensingar på kven som kan kopiere informasjonen eller kor den kan kopierast.
  • Fridommen til å spreie omarbeidingar av verket: For å gje alle moglegheita til å spreie eit verk må ikkje lisensen avgrense fridommen til å spreie modifiserte utgåver (eller, for fysiske verk, eit verk som på ein eller annan måte er avleia frå originalen), uavhengig av kva for ein avsikt endringane har. Nokre restriksjonar kan likevel bli nytta for å verne desse grunnleggande rettane eller for å verne om dei ideelle rettane til opphavspersonen (sjå nedanfor).

Akseptable avgrensingar[edit]

Ikkje alle avgrensingar som gjeld bruk eller spreiing av verket hindrar dei grunnleggande fridommane. Spesielt reknar vi krav til å erkjenne opphavspersonen, for «symmetrisk samarbeid» (dvs. copyleft) og til å verne dei grunnleggande fridommane som akseptable avgrensingar.

Definisjon av frie kulturelle verk[edit]

For at verk skal bli rekna som frie, dei anten leggjast under ein fri kulturell lisens, eller så den juridiske statusen deira tillata dei same grunnleggande fridommane som føreskrive ovanfor. Dette kravet er likevel ikkje nok for å rekne verket som fritt. Eit spesifikt verk kan vere ufritt på andre vis som avgrensar dei grunnleggande fridommane. Dette er dei ytterlegare krava som må vere oppfylte for å rekne eit verk som fritt:

  • Tilgjengelege kjeldedata: Når eit verk er oppnådd gjennom samling eller prosessering av éi eller fleire kjeldefiler bør alle tilgjengelege kjeldedata òg vere tilgjengelege saman med verket under same føresetnadar. Dette kan vere notane til eit musikkstykke, modellar nytta for scenografi, data for vitskapelege skrifter, kjeldekode for dataprogram eller liknande informasjon.
  • Bruk av fritt format: For digitale filer bør formatet verket er tilgjengeleg på ikkje vere omfatta av patentar, med mindre eit verdsomfattande uavgrensa og ugjenkalleleg royalty-fri-løyve til å nytte den patenterte teknikken er gjeve. Ufrie format finst iblant av praktiske grunnar, men eit eksemplar i fritt format vere tilgjengeleg for å rekne verket som fritt.
  • Ingen tekniske avgrensingar: Verket må vere tilgjengeleg i ein form der ingen tekniske hinder blir nytta til å avgrense fridommane som føreskrive ovanfor.
  • Ingen andre avgrensingar: Verket må ikkje vere dekt av juridiske restrisjonar (patentar, kontraktar, osv.) eller avgrensingar (som personvernsrettar) som kan hindre fridommane som føreskrive ovanfor. Eit verk kan ta i bruk eksisterande juridiske unntak (for å sitere opphavsverna verk), men berre dei delane som er utvetydig frie, utgjer eit fritt verk.

Med andre ord: Når den som nyttar eit verk ikkje juridisk eller praktisk kan utøve dei grunnleggande rettane sine, kan ikkje verket reknast som «fritt».

Ytterlegare lesing[edit]

  • Lisenser (engelsk). Diskusjon rundt individuelle lisensar og om dei stemmer med denne definisjonen.
  • Historikk (engelsk). Informasjon om opphavspersonane og bakgrunnen til denne sida.
  • OSS (engelsk). Spørsmål og svar.
  • Portal:Indeks (engelsk). Emnespesifikke sider om frie kulturelle verk.

Versjonar[edit]

Nye versjonar av denne definisjonen blir sleppte så snart det er konsensus (direkte eller gjennom røysting, i forhold til skribentprosessen) rundt foreslåtte endringar. Nummereringa vil vere 0.x for utkast, 1.x, 2.x osv. for større endringar, x.1, x.2 osv. for mindre endringar. Ei mindre endring inneber at teksta blir endra på ein måte som ikkje påverkar dei eksisterande eller hypotetiske lisensane som er omfatta av denne definisjonen.